onsdag 8. september 2010

Bli med 7.klasse på tur til Melingen.

Denne veka har 7.trinn i Vågå vore på overnattingstur og fått oppleve gleden ved fisking og vere ute i naturen. Turen er i samarbeid med Vågå fjellstyre, og er støtta av Den kulturelle skulesekken.
På denne turen får elevane moglegheit til å vere ute i naturen, ferdast i naturen og ikkje minst fiske. Samarbeidet er komen opp fordi Vågå fjellstyre ser nytta av at elevane lærer om dei store områda som fjellstyret har ansvar for (ein stor del av Vågå er statsallmenning) og at dei tidleg opplever gleda ved å vere ute i naturen og bruke av ressursane våre. Det er også viktig at det blir fiska i dei vatna som er i Vågå, sidan det enkelte plassar blir fiska for lite.

Elevane på bilete over er (frå venstre): Torjus Brun Hageløkken, Rolv Magnus Hidemstrdet og Kristian Bjørklund (Fotograf: Hans Olav Øvre)

Samarbeid mellom opplæringsinstitusjonar og andre samfunnsaktørar er noko vi ønskjer meir av. Har du tips eller idear om korleis skulane og barnehagane kan samarbeide meir med lokalsamfunnet for at elevane skal lære meir om lokalsamfunnet vårt? Vi ønskjer gode innspel!

Over ser du bilete av leiren ved Saghaugen ved Melingen

2 kommentarer:

  1. Flott tiltak der elevane lærer seg å setje pris på naturen vår og dei moglegheitene som ligg der for å leve eit rikt liv. Mykje handlar om å sjå dei rikdommane som faktisk er rett utanfor dørstokken. Det ligg mange Bjørkvoldverdiar i fjellturar og fisketurar. Her kan både foreldre, organisasjonar og ressurspersonar bidra i nært samarbeid med skular og barnehagar. Kanskje vil vi oppleve at fleire kjenner seg heime i den naturen vi trass alt lever midt oppi.

    SvarSlett
  2. Heilt enig!! Og heldigvis har vi eit Fjellstyre i Vågå som er positive til meir samarbeid. Har du tips om andre naturopplevingar elevane i Vågå bør få, så gje gjerne lyd frå deg!!

    SvarSlett