fredag 24. september 2010

På vengjer av kjærleik og glede

Les Torunn Elise Berg sin fantastiske forteljing om møte med Jon Roar Bjørkvold

Ein glytt inn i vårt innarste, sterke inntrykk og uttrykk, vørdsemd og sår andakt. Jon-Roar Bjørkvold spelar på strenger i oss som alt for sjeldan er i bruk.

Det innarste
”Hal e fli i dag? Jammen, e vil hå fli!“ Ei vital lita dotter har eg på lån, med glimt i augo og, forsiktig sagt, stort kjenslespenn. I eit skinande nå, lev ho. Når ho kjem bårande om morgonen, derimot, gjerne før seks, kling av og til strengene ugreitt. På denne tida av døgnet innrømmer eg at det kan vera ei utfordring å vera særleg imøtekomande. I otta, dagen etter møtet med Jon-Roar Bjørkvold på kulturhuset i Vågå, gjorde jentas buldrande entré slett ingenting. Klar til angrep og hogg, var ho. –Hei, jenta mi, så bra at du kom alt nå, smilte eg, og tenkte: så heldige vi er som får møte ein ny, flott og klår haustdag saman. Jenta slo om, som på ein femøring, og møtte dagen og meg med desse orda: ”Du er perfekt, mamma. Eg elskar deg!”

Etter tredje møtet med Bjørkvold, røyrer han framleis ved strenger som sjeldan er i bruk i meg. Fyrste gongen, som fersk skule- og kulturskulelærar, sat eg som frelst. Den gongen, som no, gav han av seg sjølv, song med ei kraft og ei vørdsemd som greip tak og heldt fast, han lokka fram latter og gråt, sårheit og glede. Han balanserte stødig og elegant i all verdas toneartar på ein gong. Denne mannen hadde jo skjønt det, verkeleg skjønt det, tenkte eg den gongen. Sjølv no, ved tredje møtet, reiser håra seg på ryggen når han les og fortel om mannen med Alzheimers sjukdom, som stødig og verdig reiste seg opp av rullestolen i konas gravferd, og kom fram og takka han for vakker song. Eg kjenner varme og godheit bre seg når eg høyrer lydklippet av det levande samspelet i latter og song mora og den blinde babyen har, gjennom voggesongen Trollemor. Bjørkvold held oss i skjerpa estesi gjennom timar.

Noregs beste skule – mennesket i sentrum
-Om vi greier å kople det ubevisste med rasjonaliteten, seier Bjørkvold, og drive skulen vår skapande og ikkje spekulativt, vil vi nå eit langt djupare nivå. Vi må alle ta menneskebrillene på. Skal vi styrke faga, må vi styrke mennesket, og vi må ha mennesket i sentrum. Slik vil vi bli betre rusta til å møte motbakkane og motvinden. Å prøve seg på Noregs beste skule forpliktar grenselaust, og får de det til, vil det få nasjonale konsekvensar, seier Bjørkvold denne kvelden.

Barnet eig livet
Bjørkvolds utgangspunkt er biletet av eldste dottera som baby, med eit blikk som fangar og koplar til, som berre eit spedbarn kan. -Vi må ta vare på ”trøkket” i barnet og forvalte gleda barnet har ved livet. ”Jeg eier livet, livet eier meg”, seier han om barnet. -Forvaltar vi ikkje gleda ved å leva, tørkar vi inn som menneske. Bjørkvold legg vekt på at det er ein estetisk dimensjon i alt. -Her skil vi ikkje mellom fag og estetiske fag, musikk eller ikkje musikk. Det er ein estetisk dimensjon i alt og i alle fag, kreativiteten kjem som eit utslag av vår personlege estetiske oppleving –det pedagogiske eros! Innfallsporten treng ikkje nødvendigvis vera musikk.

Det musiske læringssenteret
-Treff vi det musiske læringssenteret i mennesket, kan vi spele i alle toneartar. Song, til dømes, skal vera påkopling, ikkje avkopling, seier Bjørkvold. -Musikk kan endre alt. Vi fekk kjenne på kroppen krafta musikk kan ha da han viste oss introen til TV-serien ”Dynastiet” med to ulike lydspor til. Med trompetmusikk blir raud raudare, rett og slett, og ulik musikk til, fekk tida til å tre fram med ulik lengde. Likeeins kan musikken i stemma endre alt. Fint kan seiast på så mange måtar. -Mennesket sansar i heilheitar, i synestesi, dette må vi ta med oss inn i skulen. Slik skulen er i dag, er den delt i einheitar, seier Bjørkvold.

Attende i klasserommet
Det er fredagsmorgon, eg svevar framleis på møtet med Jon-Roar Bjørkvold kvelden før, og på vengjene av kjærleik dottera mi gav meg i møtet med dagen. –Er ikkje vi heldige som vakna i dag tidleg, kvitrar eg til ungane i klasserommet. Elevane glyttar på kvarandre. ”Kva pønskar ho på nå, tru”, les eg av augo deira. Eg triv gitaren og vi syng Jahn Teigens ”Optimist”. Songen vi har sunge mange gonger dei siste vekene, men som for meg trer fram i ei anna farge og med ei anna djupne denne morgonen. ”Jeg har en tro, jeg har et mål som jeg skal finne. Jeg har en kraft, og det er viljen til å vinne. En dans for håpet og en dans for gleden. En dans i lyset og en dans for freden. Optimist (...)” ”Og vi som trudde det ikkje var mogleg for dama å bli sprøare”, gliser blikka til ungane. Måtte det vare! Måtte det vare, tenkjer eg. Eg er klar, klar med hammar og meisel. Eg vil vera med å byggje Noregs beste skule!


Tekst og bilete av Torunn Elise Berg. Publisert i Norddalen torsdag 23.september 2010.

1 kommentar:

  1. Ojojoj - fantastisk skrive, reflektert og formidla. Det får oss alle til å vilja vera med i byggjeprosessen; Byggje menneske, byggje bruer - og byggje Norges beste skule ---

    SvarSlett