mandag 11. oktober 2010

Undergruppene har lagt fram sine rapportar!

Dei fire undergruppene som har jobba med dei fire satsingsområda i skule- og utviklingsprosjektet i Vågå, har no lagt fram sine rapportar. Sidan april har dei breitt samansette gruppene jobba på spreng med å svare på mandatet dei har fått av prosjektgruppa.

Undergruppene har mange spenstige forslag om kva som bør vere innhaldet i barnehage og skule innanfor dei fire satsingsområda estetiske fag, IKT, matkultur og fysisk aktivitet og ”Det globale i det lokale”. På bilete ser du alle leiarane av undergruppene saman med Jon Roar Bjørkvold.

Undergruppa som har jobba med estetiske fag har vore leia av Elisabeth Holshagen. Dei ønskjer ei sterkare satsing på estetiske fag i skule og barnehage i Vågå, og meiner at vi gjennom arbeidet med estetiske fag må sørgje for at elevane får betre kjennskap til både kunst og kultur i Vågå og i resten av verda. Målet med arbeidet er å styrke alle sansane til elevane, og bygge heilskaplege menneske.

Undergruppa for matkultur og fysisk aktivitet har vore leia av Hans Olav Øvre. Undergruppa meiner vi har alle moglege føresetnader for å bli landsledande når det gjeld fysisk aktivitet og matkultur. Undergruppa set seg som mål at Vågå skal bli best på fysisk aktivitet, matkultur og smak i skule og barnehage innan 2020.

Undergruppa for IKT har vore leia av Ole Damstuen. Gruppa går inn for at Vågå kommune styrker satsinga på IKT ved å oppgradere utstyret, og styrke den pedagogiske bruken av digitale verktøy i skule og barnehage. Undergruppa meiner det trengst eit krafttak både når det gjeld kompetanse og utstyr for å nå målsettingane i læreplanverket.

Undergruppa for ”Det globale i det lokale” har vore leia av Helen Øygarden. Denne gruppa har jobba med internasjonale perspektiv og miljø og klima, og ønskjer å satse på fleire kulturmøte i Vågå. Undergruppa meiner vi har alle moglegheiter i Vågå for å bli betre på arbeidet i skule og barnehage i møte mellom det globale og det lokale.

Du kan finne meir informasjon frå undergruppene ved å gå inn på heimesidene våre: www.vaga.kommune.no/besteskule. Ønskjer du fullstendige rapportar, kan du sende ein e-post til prosjektleiar: hanne.blafjelldal@vaga.kommune.no.

Desse fire rapportane skal no danne utgangspunkt for sluttrapporten, som skal vere ferdig innan 1.desember. Denne skal behandlast av prosjektgruppa i forprosjektet, og til slutt i Kommunestyret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar