fredag 1. oktober 2010

Pesten herjar Jutulheimen

Tekst og foto: Torunn Elise Kveen

They did it again! Elevar og vaksne frå kulturskule og skule gav oss eit fyrverkeri av fargar og energi, i beste «vågåstil».
Middelaldersstemning
Middelalderen slo over oss alt i det vi passerte porten i Jutulheimen. Eit mylder av pestprega andlet, fartsfylte gjøglarar, bønder, musikarar og mengder av energi og fargar møtte oss. Eit middelaldertema drønna i presteberget frå horn i stabbur og ved hushjørne, og losa oss ned til scene og amfi nedom tunet. Husa og tunet forsterka kjensla, likeeins det sure og haustkledde veret. Sjå fargane! Høyr musikken! Kjenn på stemninga! Ein kunne til og med, om ein kjente riktig godt etter, kjenne lukta av middelalder, med gjørmet leire, smedrøyk og torgmylder.
Samarbeid ber frukt
For tre-fire år sidan hadde kulturskulen ei framsyning i Jutulheimen farga av gamledagar, segn og eventyr. Denne inspirerte kulturskulerektor Anita Moe til vidareutvikling av ei middelalderførestilling. Ho søkte, og fekk midlar frå Norsk kulturskuleråd til å sette opp ei førestilling saman med profesjonelle skodespelarar. Tida var nå endeleg komen, mange førebuingar, idédugnadar og skisser var gjort, tankar var tenkt og mange øvingstimar med dans og spel i kulturskulen var unnagjort. Den profesjonelle teatergruppa ”Turnekompaniet” frå Hamar var på plass, heile kulturskulen, 7. steg ved Vågåmo skule, samt 9. steg ved Vågå ungdomsskule. I tre dagar til ende, med generalprøve og førestilling fjerde dagen, har om lag 200 ungar og vaksne arbeidd flittig i gode øvingsprosessar, og i kostyme- og rekvisittverkstadar. Stort spenn
-Oj, så flott. -Oj, sjå der! Ei spektakulær førestilling fekk vi. Her var sterke fargar, stemningar og inntrykk. Vi fekk opplevingar med spennvidde frå dramatikk og dristige stunt med eld og knivar, via dyktige gjøglarar med vågale pyramidar, til sjarmerande skramleorkester. Martin Steinum Brun og Mari Hårstad tok oss på senga som songsolistar, tett på publikum, nakent flott. Ein høgtideleg prosesjon av dokker i gilde farger kom ned frå tunet, bønder og pest kjempa ein dramatisk kamp, dristige turnarar, og elegante dansarar imponerte publikum. Alle i gjennomførte middelalderkostyme, noko eigenprodusert og noko innleigd frå Jørundgard. Det heile var spenstig og storslått koreografert. Høgdepunktet frå Turnekompaniet var utvilsamt Trond som sjonglerte med knivar, slukte flammar og fekk elevar til å hoppe gjennom brennande ringar. Andre del av førestillinga gjekk føre seg mellom husa på tunet, med dans, fleire musikkinnslag og gjøglemylder. Det heile var bunde saman av eit musikalsk middelaldertema som gjekk att som ein raud tråd, frå trombone, baryton, trekkspel, fiolinar, fløyter og rockeband -attkjennande og stemningsberande.
Felles innsats
Førestillinga viste oss at vi har mykje og mange å gle oss over, og mange det skal bli spennande å fylgje framover. Her glitra det i mange auger og lyste av opne andlet som har hatt det fantastisk moro desse dagane. Det er slett ikkje kvardagskost for ungar å få leike seg med open eld mellom hus som er fleire hundre år gamle, langt mindre få oppleve at folk set flammane til livs.

Tekst publisert i Norddalen torsdag 30.september

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar