Fyrst fekk elevane ei omvisning på garden der dei fekk fortalt mykje om gardsdrift og dyrehald. Det var viktig å følgje godt med, sidan kunnskapen her var viktig å ha med seg i kunnskapskonkurransa seinare. Elevane skulle også undervegs ta bilete av dyr på garden, gardsglede, gardsarbeid og reiskap på garden.
(Fotograf: Iselin Dahlen, 5.klasse)Seinare vart det klart for konkurranse. Elevane vart delte inn i fire grupper, og konkurrerte i greinene mjølkespannhalding, slegge, saging, tautrekking og hesteskokasting. Det heile vart avgjort i ei kunnskapskonkurranse der det til slutt vart kåra eit vinnarlag etter ei spanande konkurranse.
(Fotograf: Anders Engebretsen, 5.klasse)
(Fotograf: Ida Bjørkheim, 6.klasse)
(Fotograf: Frank Kvålshagen, 6.klasse)
Så vart det superfinale mellom dei fire på vinnarlaget. Det endte med at Iselin Dahlen gjekk seirande ut av konkurransa. Ho fekk sjølvsagt ei stor plate mjølkesjokolade i premie.
(Stolt vinnar av "Småbruk 2011)Elevar og tilsette hadde ein fantastisk dag. Tusen takk til fantastiske føresette som stiller opp med slike fantastiske opplegg!