mandag 9. mai 2011

Spanande jobb som musikkpedagog i Vågå

Vågå kommune har ei målsetting om å få Noregs beste skule og barnehage gjennom å ta utgangspunkt i eit heilskapleg menneskesyn med sansebasert læring. Tidleg innsats og forpliktande samarbeid med heimen er også satsingsområde i utviklingsarbeidet som skal strekke seg over fem år.

Skildring Vågå kommune søkjer no etter ein som kan medverke til å styrke arbeidet i musikkfaget i skulane og barnehagane våre og som ser moglegheitene til å bruke musikk for å nå kompetansemål i andre fag.

Vi ønskjer å tilsetje, i fyrste omgang for eitt år, ein musikkpedagog. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å leie ulike samarbeidsprosjekt mellom kulturskule, barnehage og grunnskule innanfor musikk. Personen skal vere ein samlande ressurs for å inspirere, motivere og rettleie musikklærarane i kommunen. I tillegg ser vi for oss at han/ho skal ha ansvar for undervisning, prosjekt og nye undervisningsopplegg i barnehagane og i grunnskulen.

Noko av årsverket vil truleg også kunne leggast ut som eit nytt tilbod i kulturskulen, avhengig av kva for kompetanse den vi tilsett har.

Vi ønskjer ein person som har følgjande kvalifikasjonar:
• Pedagog med musikkutdanning
• God på formidling av musikk og til å få ungane til å skape musikk sjølve
• God i møte med både unge og vaksne
• Sjølvstendig og samarbeidsorientert
• Erfaring innan dans og drama er ein styrke
• Må ha førarkort og eigen bil

Stillingsannonse og elektronisk søknadsskjema finn du ved å trykke på denne linken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar