mandag 30. mai 2011

Flytur i Sjårdalen med Stade og Toefte Airways

I førre veke var Sjårdalen oppvekstsenter på flytur. Dei reiste nesten jorda rundt i Stade og Toefte Airways. Elevane reiste fyrst til Svalbard, der dei fekk vera med på scootertur og gruvetur. Deretter tok dei turen sørover til Svartehavskysten. Der fekk dei gå i gamlebyen Nessebar.

Etterpå gjekk turen til Roma i Italia. Der måtte elevane sjølvsagt besøke Colosseum og Peterskyrkja.

Den lengste reisa var likevel over Atlanterhavet til USA. For fyrste gong i elevane sine liv fekk dei vera med i ein traktor med trippelhjul. Dei fekk
også oppleva indianarar, og sjå korleis kulturen deira var.
På heimreisa serverte kabinpersonalet forfriskningar, og kapteinen fekk passasjerane trygt ned på jorda att i Noreg.

1 kommentar: