tirsdag 31. mai 2011

Småbruk 2011

I førre veke vart det arrangert konkurransa "Småbruk 2011" med deltakarar frå 5. og 6.steg på Lalm oppvekstsenter. Det var Jo Ivar og Tove Kleiven som stilte opp som programledarar, dommarar og mentorar på småbruket sitt.

Fyrst fekk elevane ei omvisning på garden der dei fekk fortalt mykje om gardsdrift og dyrehald. Det var viktig å følgje godt med, sidan kunnskapen her var viktig å ha med seg i kunnskapskonkurransa seinare. Elevane skulle også undervegs ta bilete av dyr på garden, gardsglede, gardsarbeid og reiskap på garden. (Fotograf: Iselin Dahlen, 5.klasse)

Seinare vart det klart for konkurranse. Elevane vart delte inn i fire grupper, og konkurrerte i greinene mjølkespannhalding, slegge, saging, tautrekking og hesteskokasting. Det heile vart avgjort i ei kunnskapskonkurranse der det til slutt vart kåra eit vinnarlag etter ei spanande konkurranse. (Fotograf: Anders Engebretsen, 5.klasse)
(Fotograf: Ida Bjørkheim, 6.klasse)


(Fotograf: Frank Kvålshagen, 6.klasse)

Så vart det superfinale mellom dei fire på vinnarlaget. Det endte med at Iselin Dahlen gjekk seirande ut av konkurransa. Ho fekk sjølvsagt ei stor plate mjølkesjokolade i premie. (Stolt vinnar av "Småbruk 2011)

Elevar og tilsette hadde ein fantastisk dag. Tusen takk til fantastiske føresette som stiller opp med slike fantastiske opplegg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar