fredag 17. september 2010

Bjørkvold inspirerte

Vågå kulturhus vart løfta til himmels torsdagskveld, og publikum som hadde møtt opp vart vekt, stimulert og tenkjer truleg heilt annleis på enkelte ting i dag, enn dei gjorde i går. Her ser du nokre av orda som kom opp då vagværen vart beden om å si kva dei følte når dei høyrte barnesongar.

Forfattar og professor Jon Roar Bjørkvold uttala at han hadde gleda seg som ein unge til å kome til Vågå, og i vårt møte med Bjørkvold, vart vi også alle som ungar att. Og nettopp barnet og gleden barnet har over livet og songen, var mykje av det Jon Roar fokuserte på i foredraget sitt. Små ungar er opne for alt, med ein fantastisk lyst til å lære. Dette må vi ta vare på, stimulere og inspirere, sa han.

Bjørkvold er oppteken av at alle stemmene må kome til uttrykk, og korleis vi skal oppnå tilpassa opplæring. Han fekk ikkje understreka nok at lærarar må vere glad i mennesker - for er du ikkje glad i ungar, har du ingenting i læraryrket å gjere.

Eitt av høgdepunkta var då Bjørkvold viste oss introen til Dynastiet, og fekk oss til å legge merke til det som skjer under "bevissthetsgrensa". Og kva skjer med stemningen og kjenslene vi får av introen om du legger til anna musikk? Det var ein tankevekkande oppleving for oss alle.

Vi opplevde ein mann som gav mykje av seg sjølv, og som med humor, sjølvironi, levande bevegelser, skildringar og med varme, klarte å formidle bodskapen om kor viktig det er at mennesket får bruke alle sansane sine.

Bjørkvold fekk etter foredraget overrekt gåve av ordfører Rune Øygard, som sa han følte Jon Roar hadde blitt ein sann Vågåven. Skuleprosjektet vi er i gang med er grunnen til at Bjørkvold har take turen til Vågå, og Jon Roar fekk ikkje fullrost tankegangen bak prosjektet nok. Og Ordførar Øygard avslutta slik: "Vi får tru på at dette er rett tenkt, og vi får ei sterkare ryggrad til å makte utfordringane".

Sitat frå Jon Roar Bjørkvold i løpet av kvelden:

"Han hadde bare fagbrillene på og ikke menneskebrillene"

"Vi skal ikke bare snakke om, men være i"

"Vi må ha tid til begrepenheten, for at begrepene skal feste seg"

"Skal mennesket løftes gjennom kunnskap, må det energi til"

"Sang er ikke avkobling, det er tilkobling"

Nokre av tilhøyrarane som hadde møtt opp. Bjørkvold saman med oppvekstsjef Kjell Nyhus.

2 kommentarer:

  1. Fantastisk å sjå kor mykje som har vorte gjort. Men eg saknar att dykk benyttar dykk av ungdommen som er ute i Norges land å utdannar seg å kan bidra med mykje bra i dei forskjellige undergruppane. Kva med å kunne benytte seg av den kunnskapen dei sitt med? Eg for min del skulle ynskje eg kunne eg kunne få vise kva eg kan, kome med forslag osv, men har heldigivs fått meg jobb på ein an stad i Norge der noko endelg ser kva eg er god for å ikkje berre fortel meg kor flink eg er, men også vil benytte seg av den kunnskapen og erfaringa eg har. Tykkjer det er på tide att Vågå henter inn ungdomane sine. Kvifor er det slik att vi berre er gode nok når det er snakk om å få oss heim til bygda etter endt utdanning? Kvifor ikkje la oss få oppleva att dei treng oss? Lukke til med fortsettelsen!!!!

    SvarSlett
  2. Takk for viktig attendemelding!

    Heile målet med prosjektet vårt, er jo mellom anna å få de som er ute og studerar til å flytte attende for å busette seg her. Dykkar innspel er kjempeviktige for oss. Det er mellom anna grunnen til at vi har hatt møte med vagværer og vågåvener i Trondheim og Oslo om prosjektet. Dessverre når vi ikkje alle.

    Eg er interessert i å høyre di meining. Som innflyttar til Vågå er det ikkje minst viktig for meg som prosjektleiar å vite kva de som er vakse opp her og som no bur andre plassar tenkjer og trur. Stikk anten innom ein tur på kommunehuset viss du er i Vågå, eller send meg ein mail på hanne.blafjelldal@vaga.kommune.no.

    Du kan sjølvsagt også fortsette å komme med innspel her på bloggen. Alle innspel og kommentarar blir lest og lytta til!

    SvarSlett