mandag 11. juni 2012

Tradisjonsbakst i Sjårdalen

Kulturveka er i gang i heile Vågå. I Sjårdalen barnehage starta dei kulturveka med tradisjonsbakst.

Vi hadde invitert  bestemor Else og bestemor Åsta for å væra med å bake lefse/mjukbrød. Ungane i alder 2 - 6 år var med å på å bake. Iveren var stor hjå ungane og de laga minst to leiver kvar.


Produksjonen var stor, 35 leiver tilsaman. Etter at vi var ferdige med baksten, måtte vi smake på det vi hadde laga. Det var stor stas å smake på det ein sjølv hadde baka. Både bestemødre, ungar og personal kosa seg ved bordet.


Alle fekk med seg ein mjukbrødleiv heim. De heime må sjølvsagt få smake det gode mjukbrødet :-) Då får vi håpe at vi i dag har tent ei lyst til å byrje å bake når de blir eldre. Lefse/mjukbrød er tradisjonsbakst her i Norddalen som er i ferd med å bli burte.

Ein stor takk til Else og Åsta som var med oss denne dagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar