søndag 10. juni 2012

Lalm vant energikampen - nok ein gong

På fredag hadde 5-7.klasse energidag og energikamp, i samarbeid med Regnmakarane, Hamar naturskule, Klimapark 2469 og Energiråd Innlandet. Elevane fikk prøve seg på ei rekkje aktivitetar fyrst på dagen, før dagen vart avslutta med den store energikampfinala mellom Lalm og Vågåmo.

Frie aktivitetar

Fyrste del av dagen kunne elevane vandre fritt mellom ei rekkje aktivitetar som alle handla om energi. Her kan du sjå nokre av aktivitetane elevane fekk prøve seg på.

 Ein av aktivitetane var å skrive energisparetips og henge dei opp i eit tre.
På denne aktiviteten vart det brukt mykje energi. Målet var å springe så langt som mogleg på eit underlag med grønsåpe. Etterpå blir du drage attende sidan du heng fast i strikk. På denne aktiviteten var det lang kø heile dagen.




Energikampfinala

Kvar av skulane hadde i forkant kåra sine eigne vinnarlag, som denne dagen skulle møtast til stor finale på slutten. Hallen var full av publikummarar, og deltakarane var spente.


Dei to vinnarlaga klare til kamp. Vågåmo i raudt. Lalm i gult. Vågåmo skal fyrst ut.

Vågåmo er i gang. Her øvinga "stø hand"


Kjempespretterten

Lalm sitt lag ser spente på Vågåmo. Vågåmo fullfører med ei meget god tid. Dette blir vanskeleg å slå!

Lalm er i gang! I denne øvinga gjeld det å vere konsentrert mens du ved hjelp av ein hårfønar skal få ein ping pong-ball gjennom denne løypa.

Siste øvelse i løypa er å dra seg inn på ei flåte. Så er også Lalm ferdige.

Laga er ferdige, og venter på at vinnaren skal bli avslørt.

Vinnaren er kåra: Lalm vinn!

Premiar til vinnarlaget!

Vi gratulerer så mykje Sander, Solveig og Anders med sigeren i energikampen.

Tusen takk til Energiråd Innlandet, Hamar naturskule og Klimapark 2469 som gjorde denne dagen mogleg for oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar