mandag 11. juni 2012

Kulturveka dag 1

Her kan du sjå bilete og lese om fleire av dei tinga elevane har fått moglegheit til å oppleve den fyrste dagen av kulturveka.

Kokkekurs og bakarkurs

Bakar Morten Schakenda og kokk Arne Brimi stilte opp for å ha matlagingskurs for elevar frå ungdomsskulen. Dette var ein valfri verkstad som elevane har fått velje sjølve.


Arne Brimi lærar elevane om fisk. Sjølvsagt var sjalottlauken med!

Bakar Morten Schakenda stilte opp for å lære elevane om bakst. Her får elevane prøve seg sjølv som bakarar.



Treskjering

Elevar og lærlingar frå Hjerleid stilte opp for å lære elevar på ungdomsskulen om treskjering i dag. Dette var ein valfri verkstad som elevane har fått velje sjølve.








Tradisjonsdag på Valbjør

3. og 4.klassingane var på Valbjør i dag, der dei lærte å mjølke geit og lærte om korleis geitost vart laga. Dei lærte også om korn, og dei tova ull og spant garn.

 Mjølking av geit. Alle elevane fekk prøve.

Kai Valbjør lærer elevane om korn og om vassgraut.

Tidsreise i Jutulheimen

1. og 2.klasse fekk vere med Gudbrandsdalsmusea på ei tidsreise i Jutulheimen. Der fekk dei prøve seg som arkeologar og på plantefarging.


Elevar fargar garn gult ved hjelp av ting dei finn i naturen.

Kurs i internasjonal mat


5-7.klasse var så heldige å få lære om internasjonal mat i heile dag. Kabbas og Sundus frå Irak stilte opp, blide som alltid! Dette var ein valfri verkstad som elevane har fått velje sjølve.



Kurs i judo



Lise Amundal hadde kurs i judo for elevar frå 5-7.klasse. Dette var ein valfri verkstad som elevane har fått velje sjølve.






Stomp-verkstad


Elevane frå 5-7.klasse fekk vere med Torunn Elise Berg på ein stompverkstad. Dette var ein valfri verkstad som elevane har fått velje sjølve.


Alt i alt har det vore ein fin fyrstedag av kulturveka. Vi ser fram til fortsettinga. Tusen takk til positive tilsette og friviljuge som stilte opp i dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar