torsdag 7. juni 2012

"Spor i stein" - ei vandring i Kvennberget på Lalm



På Lalm skule er dei no i full gang med å setje saman vandrespelet "Spor i stein". Det øvast no på spreng for å ha vandrespelet klart til premiere torsdag 14.juni. Sjå bilete frå førebuingane her.

Teaterkunstnar Endre Skjåk er manusforfattar og koreograf, medan historikar og forfattar Terje Kleiven har stått for det historiske grunnlaget. Terje Kleiven har og vore med alle klassane på ei historisk vandring i Kvernberget i løpet av skuleåret. Odd Ivar Svelstad og Eli Hårklau har hatt ansvaret for dei musikalske innslaga. I tillegg bidreg mange lokale ressurspersonar friviljug med utstyr og kompetanse. Den siste månaden ha ein stor del av skulekvardagen bestått av øving og atter øving.







Personalet og elevane på Lalm rapporterer om at dei føler seg godt førebudde, og at dei gler seg til å ta med elevane ved Vågåmo skule på ei vandring i Kvernberget torsdag 14. juni og fredag 15. juni.

I tillegg ynskjer vi dei som har moglegheit, velkomne til å få med seg generalprøva onsdag 13. juni. Alle forestillingane startar på skuleplassen kl. 10.30.

Om framsyninga:
Elevar vil guide alle tilskodarane gjennom heile forestillinga.

Forestillinga tek utgangspunkt i marknadsplassen i Bergen midt på 1400 -talet. Frå markedsplassen, som er yrande full av liv og lydar, reiser vi saman med kvernsteinen heile vegen attende til gruva i Kvernberget.

På turen møter vi tjuvar, skrymt og historiske personar. Vi får eit innblikk i kvardagslivet på denne tida.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar