torsdag 29. april 2010

Sats på det unike!

14 Vågåvener i Trondheim møtte opp på møtet ordførar og prosjektleiar hadde i Trondheim. Der var det både informasjon om prosjektet og det blei livleg diskusjon om skule og korleis Vågå bør utvikle seg i framtida.
Det var mange meniningar og stort engasjement, og ein ting var alle einige om: sats på det som er unikt for Vågå og ikkje prøv å bli best på det alle andre skal bli gode på, og som du finn alle andre plassar i Noreg.

onsdag 28. april 2010

Med tur for Trondhjem

Om ein snau time reiser ordførar og prosjektleiar til Trondheim for å ha møte med vagværer og andre Vågåvener i Trondheim for å informere om prosjektet, og for å få innspel til korleis vi skal drive utviklingsarbeid i tida framover.

Vi hadde tilsvarande møte i Oslo for ei snau veke sidan, og bilete du ser er frp det møtet. Ein får mykje gode innspel på slike møte, og frå menneske som ser ting med litt andre auge enn vi som bur her i Vågå og kanskje ikkje ser oss sjølv på same måte. I slike utviklingsarbeid er det viktig å få idear både innanfrå og utanfrå, og ikkje gløyme at det er for dei som allereie bur her vi gjer dette - slik at dei skal bli meir glad i bygda si.

Møtet starter klokka 18 i kveld på Studentersamfundet, og ferdig 21. Turboordførar skal på nytt møte på Lillehammer klokka åtte om morgon dagen etterpå (og må reise frå Vågå før klokka 06), så vi reiser direkte attende til Vågå etter møtet i Trondheim. Og er vel då attende i eitt-tida på natta. Så som de forstår; det blir ikkje mykje søvn på han som er ordførar.

mandag 26. april 2010

Mykje bra skjer allereie i skulen

Mykje bra skjer allereie i skulen i Vågå, og det er viktig at vi som skal jobbe med utvikling i kommunen er synlege ute i klasseromma også, og ser på kva som faktisk finn stad. Difor vil mykje tid bli brukt til å observere, prate med dei tilsette, elevane og slik få eit innblikk i korleis kvardagen er. Bilete over er frå eit klasserom på 1.trinn, og her ser du korleis dei lærer engelsk med mykje konkretiseringmateriell laga av engasjerte pedagogar.
Her ser du Anne, som har lage dyrehage for at elevane skal lære namnet på dyra. Eg fekk vere med på å sjå at dei både sang, prata engelsk og leikte seg med dyra. Dei som seier det ikkje går an å lære ved å ha det moro og leike, har ikkje vore med i skulen i Vågå.


Elevane lagde smør, og såg korleis vegen frå fløyte via krem til smør var.

Elevane var på besøk i fjøset.

Prosjektleiar fekk også vere med i fjøset for å sjå på mange søte nye lam som hadde kome til verden. Dessverre er det altfor sjeldan ein vitjar fjøs, sjølv om ein bur på bygda...(og eg trur eg var på eitt gardsbesøk i løpet av tretten år i skulen, så på tide ein kjem seg ut i verda litt)

søndag 25. april 2010

Vågå som døme på Ap sitt landsstyremøte

Det er vel ingen tvil om at Vågå blir lagt merke til utanfor kommunen sine grenser. Vi har ein ordførar som har blitt kåra til årets kommuneprofil 2009 av Kommunal rapport, og alle med interesse for utvikling legg merke til kva som skjer i Vågå.

På Ap sitt landsstyremøte i helga, så vart Vågå også nemd av AP sin partisekretær, Raymond Johanson. Dette er kva han sa:

Noen steder møter vi utfordringene. Som i Vågå

Vår egen ordfører, Rune Øygard, har hele det siste tiåret stått i spissen for å gjøre fjellbygda attraktiv for folk og næringsliv. Vågå-ordføreren kan se tilbake på et tiår hvor han har bygget nettverk, omdømme og nye arbeidsplasser – i en offensiv kamp for å overleve som livskraftig bygd. I fjor ble det etablert to nasjonale spesialenheter med 20 arbeidsplasser, og ICA har flyttet regnskapsavdelinger til bygda. Nå har bygda satt mål av seg til å bygge Norges beste skole.
I år stiger antall nyfødte i Vågå med 25%.Vi har å gjøre med en potent ordfører!


Det er viktig for Vågå at vi blir lagt merke til utanfor kommunen sine grenser. Det er viktig for at vi skal vere attraktive for etableringar både når det gjeld folk og arbeidsplassar. Men det viktigaste for at vi skal få nye folk og nytt næringsliv her, er at dei som allereie bur her likar seg her og pratar positivt om Vågå. Difor er det viktig at vi får innspel frå dykk som bur her i forhold til kva vi kan gjere betre.

Difor håper vi at alle som er interessert i meir utvikling i Vågå, og som har idear til kva som kan bli gjort betre, til å møte opp på møteserien vår, der vi skal ha møte i alle grender i Vågå (og der møter både ordførar og prosjektleiar). Meir informasjon om dette kjem, men start gjerne allereie no med å tenke ut idear til korleis vi kan gjere ting betre i Vågå.

onsdag 21. april 2010

Alle i Oslo med gode innspel til samfunnsutvikling - møt opp 22.april kl 18!

Når vi ønskjer å lage Noregs beste skule, og når vi seier vi vil bruke skulen som motor for god samfunnsutvikling, så meiner vi altså at vi ønskjer å bruke barnehage og skule som verkemiddel for at fleire skal ønskje å bu i Vågå. Vi ønskjer meir bulyst for dei som bur her, og vi ønskjer at dei som ikkje bur i Vågå i dag skal ønskje å flytte hit. Dette gjeld både folk utan bakgrunn frå Vågå, og folk som har reist ut for å studere eller jobbe andre stader.

I morgon skal ordførar Rune og prosjektleiar møte utflytta vagværer og Vågå-vener i Oslo. Vi håper sjølvsagt desse folka vil gje oss innspel på kva vi kan gjere for at dei skal ønskje å flytte attende.

Dette betyr ikkje at vi verdset dei som bur utanfor Vågå meir enn dei som bur her. Det betyr berre at vi trur desse folka kan gje oss nyttige innspel og kunnskap om kva som gjer at dei ikkje bur her, og kva vi kan gjere betre og kva vi bør satse på i framtida.

Vi trur dei som bur her kan gje oss minst like nyttige innspel, og det blir difor grendemøter i alle grendene i løpet av mai/juni. Det vil si at det blir mykje fleire møter i Vågå enn utanfor Vågå.

Bur du i Oslo og vil gje oss innspel til forprosjektet vårt? Kom til Håndverkeren torsdag 22.april klokka 18. Arne Hjeltnes kjem. Rune Øygard kjem. Eg håper også du kjem, om du skulle vere i Oslo denne dagen!

fredag 16. april 2010

Besøk i Trondheim

I går reiste ordførar, kulturskulerektor, oppvekstsjef og prosjektleiar til Trondheim for å lære kva Trondheim har gjort i forhold til samarbeid mellom kulturinstitusjonar og skulane. Vi var på to skulebesøk, besøkte Newtonrommet (eit rom sponsa av Statoil som skal lære opp elevane i energibruk), kunstmuseum og hadde samtaler med både ordfører i Trondheim og oppvekstdirektør i byen. Fantastisk bra besøk, og vi lærte mykje, så takk til Trondheim kommune for å ha laga eit fantastisk bra opplegg.

På Byåsen skule har dei skikkeleg solid satsing på kultur i skulen, og de kan lese meir om det her.

Også Nyborg skule har eit fantastisk bra opplegg der dei mellom anna bruker ein halv dag i månaden til kulturverksted for elevane på 5-7.trinn. Vi besøkte musikkrommet der elevar på 5.trinn spelte (og dei stråla) musikk av veldig høg kvalitet. Nydeleg!

Meir om besøket i Trondheim og kva vi lærte kjem seinare. Og også bilete! Vi er litt trøtte i dag, sidan vi reiste 0530 frå Vågå og var attende her 2145. Dagsbesøk til Trondheim med tungt fagleg opplegg på dagen er kanskje litt for drøyt...til og med for oss i Vågå.

Ha ei god helg alle saman, og fortsett å kome med innspel og spørsmål! Vi treng tankar frå alle i Vågå!

onsdag 14. april 2010

Kva kan dei friviljuge medverke til i skulen?

I utviklingsarbeidet vi er i gang med i Vågå, så ønskjer vi mellom anna å sjå på korleis vi kan knytte skulane tettare opp mot samfunnet elles. Dette gjeld både næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar. Eg har no sendt ut invitasjonar til alle friviljuge lag og organisasjonar til å vere med på dialogmøte om korleis dei ser for seg at dei kan samarbeide tettare med barnehagane og skulane. Vi ønskjer at friviljuge lag og organisasjonae i større grad skal medverke i skuleutviklinga, og vi ser også at dei har ei interesse av skuleutvikling sidan dagens elevar vil verre morgondagens friviljuge, og vil vere dei som skal bringe Vågå-samfunnet framover.
Møtet blir 12.mai klokka 1830 på kommunestyresalen, og alle friviljuge og personar som har meningar om dette, er velkomne. Vi skal mellom anna diskutere dette:
- På kva måte kunne de tenkje dykk å samarbeide meir med skulane?
- Kva kan de medverke til i forhold til skulane, og kva kan skulane gje attende til dykk?
- Kva meiner de er Vågå kommune sine største fortrinn, og kva for samfunnskvalitetar bør vi vere opptatt av å vidareutvikle i åra framover?

Har du meiningar om korleis vi kan knytte dei frivilijuge laga og organisasjonane tettare opp mot skulen? Eller har du gode døme? Kom med dette allereie her, og vi vil ta det med vidare i arbeidet vårt!

mandag 12. april 2010

Travel veke

Kontordag i dag der arbeidstida går med til å booke stad og finne tid til informasjons- og dialogmøte om "Vågå-prosjektet" på Lalm, i Sjårdalen, Skogbygda, Midtli, Randsverk, Vågåmo og Tessand. I tillegg skal eg kalle inn til møte i fire undergrupper for prosjektet, slik at alle kjem i gang med arbeidet.

I morgon skal eg vere heile dagen på ungdomsskulen for å bli litt betre kjent med kva det gjer der, kor "skoen trykker" og kva dei er gode på og vil vidareutvikle. I morgon kveld skal eg møte Vågå musikkråd for å informere om prosjektet og for å få innspel frå dei. Onsdag er det nokre korte møter på dagen, og foreldremøte for føresette på 4.trinn på Vågåmo skule på kvelden kor eg skal få innspel til prosjektet.

Torsdag går turen til Trondheim for å lære om kva dei har gjort i forhold til samarbeid mellom skule, kulturskule og omkringliggande institusjonar. Det gleder eg meg til! Klart vi har noko å lære av ei så stor kommune som Trondheim!

Vil oppdatere bloggen om kva som skjer i løpet av veka, og vil oppfordre alle til å ta kontakt om dei har innspel, spørsmål eller treng informsjon om prosjektet. Ta kontakt, og vi stiller opp!

fredag 9. april 2010

Korleis informere om prosjektet vårt?

Det er berre å erkjenne at vi ikkje har vore flinke nok til å informere om skule- og utviklingsprosjektet vårt i Vågå. Vi forstår det er provoserende for dei som bur her, å lese om at vi skal ha møte med Vagværer og andre interesserte i Oslo og i Trondheim når innbyggjarane i Vågå ikkje har hatt tilbod om det same. I vår lille naivitet trur vi vel kanskje enkelte gonger at dei som bur i kommunen er godt nok informert fordi dei bur her, og kan kome innom kommunehuset om det er noko dei lurer på. Så lett er det ikkje, og det skjøner vi også.

Vi skal bruke mykje tid framover på å informere lokalt, men minst like viktig er det å få til dialog med innbyggjarane her om innhald i prosjektet, få kritiske innspel, spørsmål og gode tips frå dykk slik at vi kan få fram gode tiltak i åra framover, og slik at det vi ønskjer å gjere i Vågå faktisk let seg gjennomføre. Eg, som prosjektleiar, har no vore på alle skulane og oppvekstsentra og møtt personalet. Eg har også møtt ein del foreldre, nokre friviljuge lag og organisasjonar, noko næringsliv og andre som har vore interessert i å høyre om prosjektet. Eg opplever folk som er interessert i prosjektet og stort sett positive, men at folk føler seg dårleg informert, og at ting kanskje har skjedd litt fort utan at ein har fått vere med å seie si meining.

Vi er no berre så vidt i gang med eit forprosjekt. Det er i løpet av 2010 vi skal avgjere om vi skal satse på eit ekstraordinært utviklingsarbeid innanfor oppvekstsektoren i Vågå. Retning på satsinga er avklart, men tiltak og kva vi skal satse mest på og korleis, er ikkje bestemt. Vi er difor no inne i ei idémyldringsfase der vi vil ha dine innspel.

Det blir informasjonsmøte i Vågå om prosjektet i løpet av mai, slik at du som innbyggjar kan bli informert om prosjektet. Vi håper å få til dette i alle grendene. Vi vil også legge ut informasjon her på bloggen, på heimesida og vi vil rundt på skulane, til næringsliv, til foreldre og til lag og organisasjonar for å få innspel og for å svare på spørsmål. Det er berre å sende ein invitasjon til prosjektleiar, og eg vil så langt som mogleg stille opp på det eg blir invitert til. Det viktigaste vi gjer no dei neste månadane er nemleg den lokale forankringa.

Frå og med midten av mai og fram til sommarferien vil eg også innføre ”bibliotekdag” kvar tysdag frå klokka 14 der du kan treffe prosjektleiar på biblioteket for ein prat anten du har innspel, spørsmål eller gode råd å kome med. Det er viktig for oss å kome ut til folk, og ikkje berre forvente at folk ska kome til oss.

Men vi klarer nok ikkje å informere godt nok. Det vil alltid vere slik at nokon ikkje kjem til å få med seg kva som skjer i dette forprosjektet. Men målet er at alle skal ha fått tilbod om informasjon, og at vi bruker mange ulike kanalar for å nå ut med informasjon og for å få til dialog.

Har du gode tips til korleis vi skal få informert godt nok om prosjektet? Og korleis få fram engasjement blant innbyggjarane? Blant foreldre? Blant tilsette? Blant elevar? I næringslivet? Kom med innspel her, og vi lover å lytte og å gjennomføre!

torsdag 8. april 2010

Blogg oppretta for skuleprosjektet vårt!

No har vi både heimeside og blogg for skule- og samfunnsutviklingsprosjektet her i Vågå. På heimesida vår kan du følge med på det meste som skjer i prosjektet, og alle formelle vedtak blir lagt ut her.

På bloggen kan du føle meir på dag-til-dag-stemninga i prosjektet, vere med å diskutere aktuelle spørsmål (anonymt eller med fullt namn), følge kvardagen til prosjektleiar, sjå på bilete frå skulane og elles kome med innspel, kritikk og spørsmål du har til prosjektet.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

http://bloggurat.net/minblogg/registrere/838f298143c7322e2a4b18e220f45981317e6274