fredag 9. april 2010

Korleis informere om prosjektet vårt?

Det er berre å erkjenne at vi ikkje har vore flinke nok til å informere om skule- og utviklingsprosjektet vårt i Vågå. Vi forstår det er provoserende for dei som bur her, å lese om at vi skal ha møte med Vagværer og andre interesserte i Oslo og i Trondheim når innbyggjarane i Vågå ikkje har hatt tilbod om det same. I vår lille naivitet trur vi vel kanskje enkelte gonger at dei som bur i kommunen er godt nok informert fordi dei bur her, og kan kome innom kommunehuset om det er noko dei lurer på. Så lett er det ikkje, og det skjøner vi også.

Vi skal bruke mykje tid framover på å informere lokalt, men minst like viktig er det å få til dialog med innbyggjarane her om innhald i prosjektet, få kritiske innspel, spørsmål og gode tips frå dykk slik at vi kan få fram gode tiltak i åra framover, og slik at det vi ønskjer å gjere i Vågå faktisk let seg gjennomføre. Eg, som prosjektleiar, har no vore på alle skulane og oppvekstsentra og møtt personalet. Eg har også møtt ein del foreldre, nokre friviljuge lag og organisasjonar, noko næringsliv og andre som har vore interessert i å høyre om prosjektet. Eg opplever folk som er interessert i prosjektet og stort sett positive, men at folk føler seg dårleg informert, og at ting kanskje har skjedd litt fort utan at ein har fått vere med å seie si meining.

Vi er no berre så vidt i gang med eit forprosjekt. Det er i løpet av 2010 vi skal avgjere om vi skal satse på eit ekstraordinært utviklingsarbeid innanfor oppvekstsektoren i Vågå. Retning på satsinga er avklart, men tiltak og kva vi skal satse mest på og korleis, er ikkje bestemt. Vi er difor no inne i ei idémyldringsfase der vi vil ha dine innspel.

Det blir informasjonsmøte i Vågå om prosjektet i løpet av mai, slik at du som innbyggjar kan bli informert om prosjektet. Vi håper å få til dette i alle grendene. Vi vil også legge ut informasjon her på bloggen, på heimesida og vi vil rundt på skulane, til næringsliv, til foreldre og til lag og organisasjonar for å få innspel og for å svare på spørsmål. Det er berre å sende ein invitasjon til prosjektleiar, og eg vil så langt som mogleg stille opp på det eg blir invitert til. Det viktigaste vi gjer no dei neste månadane er nemleg den lokale forankringa.

Frå og med midten av mai og fram til sommarferien vil eg også innføre ”bibliotekdag” kvar tysdag frå klokka 14 der du kan treffe prosjektleiar på biblioteket for ein prat anten du har innspel, spørsmål eller gode råd å kome med. Det er viktig for oss å kome ut til folk, og ikkje berre forvente at folk ska kome til oss.

Men vi klarer nok ikkje å informere godt nok. Det vil alltid vere slik at nokon ikkje kjem til å få med seg kva som skjer i dette forprosjektet. Men målet er at alle skal ha fått tilbod om informasjon, og at vi bruker mange ulike kanalar for å nå ut med informasjon og for å få til dialog.

Har du gode tips til korleis vi skal få informert godt nok om prosjektet? Og korleis få fram engasjement blant innbyggjarane? Blant foreldre? Blant tilsette? Blant elevar? I næringslivet? Kom med innspel her, og vi lover å lytte og å gjennomføre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar